|
Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) disponerer ei hytte på Sunnmøre som alle studentar ved HVO og HiÅ kan nytte seg av. Hytta Sjølyst ligg ved sjøkanten i Haugsbygda. Klikk på bilete til høgre for å sjå fleire bilete av hytta. Sjå meir info i infoboks (korleis kome seg til Haugsbygda og andre ting du må hugse på når du skal på hytta).
Hytta har utstyr og sengeplass til 12 personar.
Leigepris for hytta i 2012 er kr. 1800 for helg og kr. 900 pr døgn (gjeld vekedagar) for studentar. Hytta skal ikkje leigast bort til andre.
Reservasjon vert gjort på SfS-kontoret i Volda eller på telefon 70 07 52 40.
Buss til og frå Haugsbygda: (måndag - fredag)
Frå Volda kl 12.20 til Myrvåg kl 13.05 Frå Myrvåg kl 13.05 til Vågen kl 13.20 Frå Vågen kl 13.36 til Haugsbygda kl 13.45
I helga er det ingen ruter mellom Haugsbygda og Vågen. Søndag går det buss frå Vågen kl 19.25 via Ulsteinvik og til Volda kl 20.40. Hugs å sjekke bussrutene på Fjord 1 Buss Møre.
Ordensreglar og ansvarstilhøve:
Leigetakars ansvar:
- Personen som står som leigar av hytta har det økonomiske ansvaret overfor studentsamskipnaden for sunnmøre.
- Ansvar for at hytte, inventar og uteområdet blir teke i vare og brukt på ein forsvarleg måte.
- Ansvar for å erstatte ting som blir skada eller ødelagt. Ødelagt utstyr blir fakturert fullt ut til ansvarleg leigetakar.
- Ansvar for å rapportere til eigar om skader og feil på hytte,
inventar og uteanlegg.
- Ansvar for at reglar for orden og trivsel inne og ute blir følgde.
Orden/reinhald:
- Hytta er fullt utstyrt for 12 personar.
- Hytta er røykfri. Det er totalforbod mot røyking inne.
- Når opphaldet er ferdig skal hytta ryddast og vaskast. Det er ingen vaskeordning med reingjeringshjelp i Haugsbygda, så her må leigetakarane sjølve ta ansvar for reinhaldet. Golvvask av alle rom som har vore i bruk. Møblar reingjerast etter behov. Toalett og dusjrom må reingjerast grundig. Reingjeringsmidlar er tilgjengeleg i hytta.
- Alt kjøkkenutstyr skal vere reingjort og sett på plass.
- Alt søppel skal kastast i felles avfallsdunk som er plassert til
venstre bak hytta.
- Dersom hytta ikkje vert reingjort etter utleige, vert ansvarleg leigetakar fakturert etter medgått tid for vask.
Reglar:
- Alle som leiger hytta har eit kollektivt ansvar for at ro og orden blir overholdt. Det er viktig at ikkje naboar blir forstyrra av støy og uanstendig oppførsel.
- Jacuzzi kan nyttast fram til kl. 23.00 av hensyn til naboane. Sjå ellers eige instruks for denne.
- Båt er tilgjengeleg for bruk ved lån av hytta i tidsrommet medio april til medio oktober kvart år. Sjå eige skriv om bruk av båten.
Bestilling:
- Leige/ reservering av hytta blir gjort ved Studentsamskipnaden sitt sentralbord på
tlf. 70075240. Nøklar kan hentast i Studentsamskipnaden sine ekspedisjonar i Volda og Ålesund.
- Leigepris for hytta for 2011 og 2012 vert fastsetttil kr. 1800 for helg og kr. 900 pr døgn for studentar og kr. 2000 for helg og kr. 1000 pr døgn for Studentsamskipnaden og tilsette i sfs. Hytta skal ikkje leigast bort til andre.
- Husleige skal betalast på førehand og vere registrert før du får utlevert nøkkel. Namn på alle i gruppa skal noterast og ansvarleg person registrerast.
- Same person/gruppe får bestille kun ei helg om gongen. Grupper med få opphald blir prioritert framfor grupper med fleire opphald på hytta.
- Tildeling av hytta skjer fortløpande, men seinast ti dagar før leigeperioden startar. Nærare i tid enn ti dagar, er det først til mølla prinsippet som gjelder, då har også tilsette i sfs høve til å leige hytta.
- Avbestilling må skje seinast ei veke før leigeperioden startar. Dersom ikkje det blir gjort vil leigetakar bli kravd for heile beløpet.
Reglar for bruk av massasjebad:
- Alle må dusje før del brukar badet
- Temperatur innstillinga skal ikkje endrast
- Det er ikkje lov å ta med glas i badet
- Det er særs viktig at badet blir tildekka etter bruk. Lokket må festast skikkeleg med stropper.
Det er til tider svært værhardt i området, det er derfor viktig at badet blir sikra slik at ikkje skada oppstår. Delar og tildekkingsutstyr m.v.er dyrt å erstatte. Badet vil kunne bli stengt dersom reglane ikkje blir følgde. |