Oversikt studentbustader i Volda |
Under finn du ein kort introduksjon for kvar studentheim i Volda. Ønskjer du å vite meir, klikk på lenken les meir. Du vil då kome inn i boligtorget, der du finn all informasjon som er grei å vite når ein skal velje studentbustad.
Heltne
Heltne Studentheim ligg 1,0 km frå HVO og 2,0 km frå sentrum. Av bueiningar finn du alt frå hybel til familieleilegheiter. Vi har også to leilegheiter tilrettelagt for studentar med funksjonsnedsettingar. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysar på felleskjøkken og i familieleilegheitene. Badstove m/dusj og leikerom. 2-7 personar deler felleskjøkken. Felles vaskeri. God parkeringsplass.
Dei 3 blokkene på Heltne studentheim vart bygd i 1975. Dei siste åra har desse vorte renoverte og fått nytt møblement på alle hyblane. Les meir
Heltnevegen 1
Heltnev.1 ligg 0,8 km frå HVO og 1,7 km frå sentrum. Dette er eit bustadhus med 1 leilegheit og 1 kollektiv for 4 personar. Alle har uttak for kabel-tv og internett. Tilgang til bod.
Det er hage rundt huset. Huset ligg inntil Myrane Studentheim, det er difor meininga å nytte fellestenestene derifrå. Les meir
Myrane
Myrane Studentheim ligg ligg 0,8 km fra HVO og 1,7 km frå sentrum. Her finn du ulike type hyblar. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysarar på felleskjøkken. 3 eller 4 personar deler felleskjøken. Felles vaskeri i eige hus. God parkeringsplass.
Denne studentheimen vart bygd i to steg 1992/94. Husa har jamnt høg standard og det har vore satsa på småhus og tunløysing ved bygginga. Les meir
Porse
Porse Studentheim ligg 0,5 km frå HVO og 0,5 km frå sentrum. Her finn du alt frå hybel til 2-roms leilegheiter. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysar på felleskjøkken. Badstove m/dusj. 6-7 personar deler felleskjøkken. Felles vaskeri. God parkeringsplass.
Dei 2 blokkene på Porse Studentheim vart bygd i 1972, og er den eldste av studentheimane i Volda. Studentheimen vart rehabilitert 2002/03. Les meir
Røysmarka
Røysmarka Studentheim ligg 0,2 km frå HVO og 0,5 km frå sentrum. Her finn du hyblar med eige bad og 3-roms leilegheiter. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Bod for alle bueiningane. Djupfrysar på felleskjøkken. Tv-stove. 2 personar deler felleskjøkken. Felles vaskeri. God parkeringsplass.
Denne studentheimen blei ferdigstilt sommaren 1996. Studentheimen har høg standard, og plasseringa er svært sentral i forhold til sentrum, høgskulen, studentbarnehage og eine grunnskulen i sentrum. Les meir
Vikebygdvegen 7/9
Vikebygdvegen 7 og 9 ligg 0,8 km frå HVO og 1,7 km frå sentrum. Vikebygdvegen 7 inneheld to 2-roms leilegheiter og vikebygdvegen 9 inneheld to 3-roms leilegheiter. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Tilgang til bod.
Dei to bustadhusa vart kjøpt i perioden 1994-95. Det er hage rundt begge husa. Husa våre i Vikebygdvegen ligg inntil Myrane Studentheim, det er difor meininga å nytte fellestenestene derifrå. Les meir