70 nye tilsegn til studentbustadprosjekt i 2010Av: Marthe Alnes [Sist endra: 08.02.2010 13:27:54]
Studentsamskipnaden har fått tilsegn til 70 studentbustader for statsbudsjettet 2010. Tilsegna er tiltenkt studentbustadprosjektet i Sørnesvågen som SfS overtok 30. desember 2009. SfS har kjøpt ein større eigedom på 7500kvm like ved Høgskolen i Ålesund. Eigedomen er tenkt brukt til både studentbustader og næring.
- Vi er svært fornøgde med tildelinga og ser fram til å komme i gang med planlegging og prosjektering. Det er tidleg i prosessen, og vi ønskjer å etablere ein god dialog med naboar og kommune, seier bustadsjef Bente Holvik i SfS.
SfS søkte om midlar til bygging av 120 hyblar, og fekk i denne runden tilsegn om 70. SfS planlegg ferdigstilling av studentbustadane i Sørnesvågen sommaren 2012. Prosjektet er ein viktig tilvekst i talet på studentbustader i Ålesund (les meir SfS satsar på bustadbygging i Ålesund).
I 2010 er tilsegn til studentbustadprosjekt fordelt på følgjande måte:
|
Studentsamskipnad |
Antall tilsegn |
|
Trondheim |
96 |
|
Stavanger |
50 |
|
Bergen |
100 |
|
Oslo |
167 |
|
OAS (Oslo) |
115 |
|
Bodø |
70 |
|
Romsdal og Nordmøre (Molde) |
50 |
|
Narvik |
36 |
|
Sogn og Fjordane (Sogndal) |
55 |
|
Agder (Kristiansand) |
100 |
|
Ås |
50 |
|
Oppland (Gjøvik) |
25 |
|
Sunnmøre (Ålesund) |
70 |
|
SUM |
983 | |