Studentsamskipnaden har hatt stor pågang i sommar frå studentar som ønskjer å leige bustad. SfS disponerer 149 bustader i Ålesund og 402 i Volda. – Vi gjer det vi kan for at søkjarane skal få eit svar så raskt mogleg, seier bustadsjef Bente Holvik.
Det nærmar seg avslutning på studieåret 09/10 og dei fleste studentar er inne i den siste eksamensperioden. SfS-ekspedisjonen vil ha ope heile sommaren både i Volda og i Ålesund, men nokre av avdelingane vil vere stengde/ha redusert opningstid fram mot studiestart i august.
Som student kan du låne gratis båt frå Volda Jeger- og Sportsfiskarlag. Båten er ein raud Pioner 13 fots båt som ligg ved laget sitt aktivitetsnaust ved Årneset friluftsområde ved Rotevatnet.