|
Er du student med små barn? Då kan du søkje om barnehageplass i ein av våre studentbarnehagar. Studentsamskipnaden driv barnehage i Volda og Ålesund og har tilbod til ca 54 barn.
Frå mars 2010 har SfS samordna barnehageopptak med Ålesund kommune og Volda kommune. Det vil seie at alle foreldre/føresette nyttar felles opptakssystem - alle må søkje elektronisk via kommunene sine vevsider (søknadskjema finn du òg i lenkja til høgre).
Les meir om barnehagetilbodet for deg som bur i Volda kommune eller Ålesund kommune.
Hovudopptak: 1. mars. Utanom hovudopptaket tildelar vi plassar kontinuerleg ved ledig kapasitet. Alle som søkte før 31.12.2009 og ikkje har plass i dag må søkje på nytt i 2010. Svar på barnehagesøknad i hovudopptaket vert sendt ut i medio april. |