Båtliv


Har du lyst på ein båttur? Kanskje prøve fiskelykka? Som student kan du i Ålesund og Volda leige ein 15 fots plastbåt med påhengsmotor. Den ligg klar for ein tur ved flytebrygga.

Ta kontakt med Studentsamskipnaden for meir informasjon.

Kontakt:
SfS i Ålesund, telefon 70 16 15 70
SfS i Volda, telefon 70 07 52 40

Båt sfs_613

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein 15 fots båt med påhengsmotor ventar på friluftsinteresserte studentar ved hamna i Volda.

Gratis båtutleige på Rotevatnet
Som student kan du låne gratis båt frå Volda Jeger- og Sportsfiskarlag. Båten er ein raud Pioner 13 fots båt som ligg ved laget sitt aktivitetsnaust ved Årneset friluftsområde ved Rotevatnet. Båten er låst med hengelås. Årar og flytevest får du utlevert hos oss i SfS i kontortida.

Når du kar kvittert ut nøkkel sender du ei melding til båtsjef Knut Magne Årset 951 32 553, om når du har tenkt til å bruke båten. Dersom du ikkje får melding om noko anna, kan du gå ut frå at alt er greit. Når du er ferdig leverer du tilbake alt utstyret til SfS slik at andre får tilgang fortløpande.

Båten er sertifisert til maksimalt 5 personar. Alle i båten skal bruke flytevestar. Det er fritt fiske etter aure på Rotevatnet med stang eller oter.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

Studentsamskipnaden for Sunnmøre - Elvegata 24 - Postboks 278 - 6101 Volda       E-post: sfs@hivolda.no - Tlf.: 70 07 52 40