Oversikt studentbustader i Ålesund


Under finn du ein kort introduksjon for kvar studentheim i Ålesund. Ønskjer du å vite meir, klikk på lenken les meir. Du vil då kome inn i boligtorget, der du finn all informasjon som er grei å vite når ein skal velje studentbustad.

Gåseidmarka
Studentbustadene på Gåseidmarka stod ferdig til innflytting hausten 2005. Studentheimen ligg aust for høgskulen. Gåseidmarka inneheld 49 bustader delt på fire bygg, med alt frå hyblar til familieleilegheiter. Der er også 3 leilegheiter som er tilpassa personar med funksjonsnedsetjingar. Alle bustadene har uttak for kabel-tv og internett. Alle einingane, unnateke to familieleilegheiter, er møblerte.

Felles vaskeri. Studentheimen ligg ca 1 km aust for høgskolen og ca. 5 kilometer aust for Ålesund sentrum. Gåseidmarka ligg nær ein barneskule i utkanten av eit etablert bustadområde. Det er kort veg til buss-stopp og fin gangveg til Høgskolen. Les meir

Volsdalsberga
Studentheimane på Volsdalsberga (Sjømannsveien 1) i Ålesund ligg ca. 2 km frå Høgskolen i Ålesund. Her finst: hyblar der 4 deler kjøkken, hyblar med eige kjøkken og 30 leilegheiter. Alle einingar har uttak for kabel-tv og internett. Alle einingane har eigen dusj/WC, altan, og er fullt møblerte (*nokre får umøblerte einingar). Vi har skifta ut møblar på enkelte av etasjane.

Felles vaskeri i 1. etasje. Blokka ligg ca. 2 kilometer aust for Ålesund sentrum ved frilufts- og badeplass, med god utsikt over fjord og fjell. Det er ca. 400 meter til buss-stopp og ca. 300 meter til daglegvarebutikk. Les meir



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon

Studentsamskipnaden for Sunnmøre - Elvegata 24 - Postboks 278 - 6101 Volda       E-post: sfs@hivolda.no - Tlf.: 70 07 52 40