| SfS har fleire ulike tenester og støtteordningar:
Rådgjevingsteneste for studentar I løpet av studietida kan du komme opp i situasjonar som det kan vere vanskeleg å finne ut av på eiga hand. Til studentrådgjevaren kan du komme med alle slags spørsmål og problemstillingar.
Psykologisk helseteneste SfS har i samarbeid med høgskulane inngått avtale med psykologar som står til rådvelde for studentane. Når beløpet er 50% av eigenandelen i folketrygda kan du få refundert det overskytande av SfS.
Helseteneste for studentar Som student i Ålesund og Volda kan du nytte deg av tilbodet Helsesteneste for studentar. Her får du mellom anna informasjon om prevensjon, testing av klamydia, graviditetstesting og ein uformell samtale om kropp, helse og seksualitet.
Helsekasse SfS har ei ordning der du kan få refundert eigendelar ved konsultasjon med lækjar og psykolog. Ved betaling av eigendelar må du difor syte for å få beløpet ført opp på trygdekortet. Lause kvitteringar vert ikkje godteke.
Helsefond Helsefondet skal kunne gje økonomisk stønad til studentar tilslutta SfS som har studiet som hovedbeskjeftigelse, og som har uvanleg store kostnader i samband med helsa si. |