Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) driv kantinene knytta til Høgskulen i Volda og Høgskolen i Ålesund. Studentsamskip-naden tilbyr sunn og god mat til rimelige prisar i eit triveleg miljø.
Vi serverar frukost, lunsj og middag, vi tilbyr grillrettar og salatbar, samt varm og kald drikke. Skulle du få lyst på det, kan vi også friste med snacks og noko ”godt til kaffien”.
Du kan også bestille mat og drikke frå kantinene dersom du skal arrangere møter og seminar. Ta kontakt for meir informasjon om dette!
Ynskjer du vegetar eller matallergitilpassa mat, er det berre å ta kontakt!
Kantiner i Volda I Volda finn du hovudkantina i Berte Kanutte-huset (BK), samt ei lunsjkantine i Kaarstad-huset.
Opningstider: BK: mandag- torsdag kl.8.30-17.00, fredag kl.8.30-15.00 Kaarstad: mandag - fredag kl.9.00 - 13.30
Kantina i Ålesund I Ålesund har vi ei kantine, plassert sentralt i høgskulebygget på Fogdegården.
Opningstider: Mandag- torsdag kl.8.00-20.00, fredag kl.8.00-15.30 |