For å få mest mogleg ut av studia, er det viktig å trivast også når ein ikkje er på forelesning, i praksis eller på lesesalen. Eit godt studiemiljø er viktig både for det faglege utbyttet og for det sosiale livet.
Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) har fleire tilbod til deg som likar å vere aktiv også ”etter skuletid”, Vi ønskjer at studietida di skal gli mest mogleg knirkefritt.
Du skal ha det godt som student på Sunnmøre!
Studere i Volda? Midt i mellom høge fjell og djupe fjordar ligg studiestaden Volda. Volda-studentane er kjende for å skape ein avslappa, engasjert og kreativ atmosfære. Dei bryr seg om livet rundt seg, og dette er noko av grunnen til at mange opplever studiemiljøet i Volda som både totalt hæla-i-taket og seriøst på samme tid. Gir du litt av deg sjølv, får du garantert masse tilbake! Skal du delta på studentVEKA, Animasjonsfilmfestivalen, Dokumentarfilmfestivalen eller vintersportfestivalen X2? Då har du garantert nye vener og minner for resten av livet.
Studere i Ålesund? Eit studieopphald i Noregs vakraste by omkransa av storslått natur og hav? Høgskolen i Ålesund ligg i hjartet av byen Ålesund med flott jugendarkitektur, stilige kaféar og eit uteliv ein student verdig. Studentane veit å setje pris på den korte avstanden mellom surfing i havgapet og toppturar i dei spektakulære Sunnmørsalpane. Vil du vere med på fadderveka, Gründerdagen, Sommerfesten på Giske, Jugendfest eller Båtfestival? Byen Ålesund har mange spennande aktivitetar å by på - også for deg som student. |
|